Hopp til innhold

Bagasjereglar

Kva du i praksis kan ha med deg i handbagasjen eller innsjekka bagasje kan vere ulikt frå flyselskap til flyselskap og frå lufthamn til lufthamn.

Det beste du kan gjere er å finne informasjon direkte hos lufthamnene og flyselskapa som du nyttar under heile reisa:

  • Utreise: Sjekk hos lufthamn(ene) du reiser frå, og flyselskap(a) du reiser med.
  • Heimreise: Ikkje gløym at du også må sjekke kva som er tillate på lufthamn(ene) du reiser heim frå og flyselskap(a) du reiser heim med.

Ulik praksis hos ulike lufthamner og flyselskap

Det er reglar for korleis flyplassar og flyselskap skal vareta tryggleiken. Korleis dei løyser det i praksis kan likevel vere ulikt. Kva dei tillèt er derfor avhengig av tryggingsløysingane deira, utstyr og retningslinjer. Du kan derfor oppleve ulik praksis hos ulike lufthamner og flyselskap.

Dersom du vert stoppa av tryggingskontrolløren

Tryggingskontrolløren på staden kan avvise alle gjenstandar som kan vere ein trussel mot tryggleiken i luftfarten. Viss du er usamd i avgjerda til tryggingskontrolløren, kan du klage til lufthamneigaren.

Ha ei trygg og god reise.

Kategoriar

Desse gjenstandane er forbydde
Desse gjenstandane har farlege eigenskapar
Medisin
Barnemat / Spesielle medisinske/kosthaldsmessige behov
Tax-free
Våpen
Anna flytande

Desse gjenstandane er forbydde

Handbagasje

Finn du ikkje det du leitar etter i forbode gjenstands-lista? Dersom du er i tvil om gjenstanden du ynsker å ta med deg er tillaten i handbagasjen, anbefaler vi deg:

  • Kontakt flyselskap(a) du skal reise med og lufthamn(ene) du skal igjennom tryggleikskontrollen hos.
  • Møt opp i god tid slik at du kan få avklara om gjenstanden er tillaten i handbagasje, evt. i innsjekka bagasje

Innsjekka bagasje

Finn du ikkje det du leiter etter i forbydd gjenstands-lista? Dersom du er i tvil om gjenstanden du ynsker å ta med deg er tillaten i innsjekka bagasje, anbefaler vi deg:

  • Kontakt flyselskap(a) du skal reise med og lufthamn(ene) du skal sjekke inn bagasje hos.
  • Møt opp i god tid slik at du kan få avklara om gjenstanden er tillaten i innsjekka bagasje

Kontakt flyselskap og/eller lufthamn
Luftfartstilsynet har ikkje høve til å rettleie reisande om forbydde gjenstandar, utover det som står i liste 4-C (handbagasje) og liste 5-B (innsjekka bagasje) ovanfor.


Desse gjenstandane har farlege eigenskapar

Nokre gjenstandar har eigenskapar som kan vere farlege å frakte i handbagasje og/eller innsjekka bagasje.

Gjenstandar kan ha farlege eigenskapar -  her er nokre eksemplar:

  • batteri og batteridrivne elektriske artiklar
  • elektriske rullestolar
  • tørris
  • lighterar
  • gasspatroner
  • ammunisjon
  • sprayboksar
  • måling
  • sterk alkohol
  • e-sigarettar
  • andre gjenstandar med farlege eigenskapar (giftige, oksiderande, brannfarlege, gassar, korroderande, etc.)


Kontakt flyselskap
Gjenstandar som kan ha farlege eigenskapar er ansvaret til flyselskapet, og kva passasjerar kan ta med seg kan variere frå selskap til selskap.

  • Flyselskapet du skal reise med kan rettleie deg om kva du kan ta med av gjenstandar som har farlege eigenskapar, evt. kor mykje og om dette må søkjast om.
  • Flyselskapa har ofte rettleiing på nettsidene sine.
  • Finn du ikkje det du leiter etter, ta kontakt med kundeservicen til selskapet.

Medisin

Handbagasje

  • Ved reiser i EU/EØS er det ikkje nødvendig med resept i handbagasje eller innsjekka bagasje.
  • Medisinar som ikkje er flytande, kan du ta med deg i handbagasje.
  • Dersom du reiser med flytande medisinar skal desse vert presentert for tryggingskontrolløren når du kjem fram til tryggleikskontrollpunktet. Du kan ta med så mykje flytande medisinar som er nødvendig for varigheita på reisa (ikkje berre sjølve flyreisa, men det du treng for heile opphaldet).
  • Dersom medisinane må kjølast ned, kan du ta med kjølebag og dei kjøleelementa som er nødvendig for varigheita på reisa. Dersom medisinar vert kjølte ned med tørris, kontakt flyselskapet du skal reise med for rettleiing.
  • Dersom du har spørsmål om medisinsk utstyr, kontakt flyselskap(a) du skal reise med og flyselskap(a) kvar du skal sjekke inn bagasjen din.
  • Dersom du har spørsmål om reglar rundt toll/innførsel av medisinar og medisinsk utstyr, kontakt flyselskap(a) du skal reise med og lufthamn(ene) kvar du skal sjekke inn bagasjen din.
  • Tryggingskontrolløren kan avvise alle gjenstandar som vert vurdert å vere ein trussel mot tryggleiken i luftfarten. Dersom du er usamd i avgjerda til tryggingskontrolløren, kan klage vert retta mot lufthamna.

Innsjekka bagasje

  • Har du spørsmål, kontakt flyselskap(a) du skal reise med og lufthamn(ene) kvar du skal sjekke inn bagasjen din.

Barnemat / Spesielle medisinske/kosthaldsmessige behov

Handbagasje
I handbagasjen kan du ta med mat og drikke til barn, og mat og drikke som er naudsynt av medisinske eller spesielle kosthaldsmessige årsaker.

  • Dette inkluderer mat og drikke til barn, og mat og drikke til vaksne som har spesielle behov.
  • Maten og drykken vert presentert for tryggingskontrolløren når du kjem fram til tryggleikskontrollpunktet der det vil bli tryggleikskontrollert. Det er ikkje nødvendig å leggje dette i ein 1-literpose. Det er ikkje nødvendig med resept for å bevise medisinsk behov.
  • Du kan ta med det du treng for heile varigheita på reisa. Dette gjeld ikkje berre sjølve flyreisa, men det du treng for heile opphaldet.
  • Tryggingskontrolløren kan avvise alle gjenstandar som vert vurdert å vere ein trussel mot tryggleiken i luftfarten. Dersom du er usamd i avgjerda til tryggingskontrolløren, kan klage vert retta mot lufthamna.


Innsjekka bagasje

  • Har du spørsmål, kontakt flyselskap(a) du skal reise med og lufthamn(ene) kvar du skal sjekke inn bagasjen din.

Tax-free

Handbagasje

  • Taxfreeposar (STEBs, Security Tamper-evident Bags) kan takast med i handbagasjen. Posen treng ikkje å vere merkt med namn på lufthamn.
  • Taxfreeposar vert presenterte for tryggingskontrolløren når du kjem fram til tryggleikskontrollpunktet der denne vil bli tryggleikskontrollert. Det er ingen securitybegrensninger på talet på taxfreeposar, men sjå tollreglar og avgrensingane til flyselskapet for meir informasjon om kor mykje du kan ta med.
  • Taxfreeposen må vere uopna og innehalde synleg kvitting på innhaldet i posen. Det som er flytande i posen må vere oppført på kvittinga.
  • Det er ingen utlaupsdato for å ta med seg taxfreeposar så lenge han er uopna og det som er flytande i posen er oppført på kvittinga.
  • Dersom vare i posen må takast ut som ledd i tryggleikskontrollen, vil tryggingskontrolløren forsegle vare i ein ny pose.
  • Tryggingskontrolløren kan avvise alle gjenstandar som vert vurdert å vere ein trussel mot tryggleiken i luftfarten. Dersom du er usamd i avgjerda til tryggingskontrolløren, kan klage vert retta mot lufthamna.


Innsjekka bagasje

  • Taxfree-varer kan fraktast i innsjekka bagasje.
  • Har du spørsmål, kontakt flyselskap(a) du skal reise med og lufthamn(ene) kvar du skal sjekke inn bagasjen din.

Våpen

Handbagasje

  • Det er ikkje lov å ha med skytevåpen i handbagasje.
  • Har du spørsmål, kontakt flyselskap(a) du skal reise med.

Innsjekka bagasje

  • Luftfartsselskapa tar berre imot skytevåpen som innsjekka bagasje.
  • Våpenet må ikkje vere ladt, og det må handterast/vert transportert i samsvar med våpenlova og tilhøyrande forskrifter.
  • Flyselskapa har eigne prosedyrar for mottak.
  • Ikkje alle flyselskap tillèt våpen.

Har du spørsmål, kontakt flyselskap(a) du skal reise med og lufthamn(ene) kvar du skal sjekke inn bagasjen din.


Anna flytande

Med flytande siktnar ein til: Aerosolar, væske og gel/gelé/pasta, som endar form når du tar dei ut av behaldaren.

Handbagasje

  • Passasjerar kan ta med flytande i små behaldarar (maksimum 100ml / 100g) som får plass i ein lukkbar gjennomsiktig plastpose på maksimum 1l.
  • Væske som er frosen når denne vert presentert i tryggleikskontrollen vert ikkje rekna som væske, sjølve om denne vil vere flytande i romtemperatur
  • Sjølv om securityregelverket ikkje er til hinder for å ta med større mengder væske så lenge desse vert tryggleikskontrollert, er ikkje lufthamnoperatøren forplikta til å tryggleikskontrollere større flasker/væskebehaldarar. I Noreg er det ingen lufthamner som tillèt passasjerar å ta med meir enn 1l pose med små behaldarar.


Innsjekka bagasje

  • Har du spørsmål, kontakt flyselskap(a) du skal reise med og lufthamn(ene) kvar du skal sjekke inn bagasjen din.